Velkommen til konsert med Hotel Sundal på Skotbu stasjon laurdag 17. oktober!
Dørene opnar kl. 19.00, og konserten tek til rundt kl. 20.00.
Pris: 200 kroner
Billettar kan tingast på førehand med Vipps (#76848) eller kjøpast i døra.
Det er eit avgrensa tal på plassar.
Hotel Sundal speler distriktsmelankolsk fjordblues med lyriske røter hos mellom andre Olav H. Hauge. Med norske, underfundige tekstar fangar Hotel Sundal stemninga i alt frå fråflytta industribygder og forlatne ferjeleie til våryr kjærleik mellom høge fjell.
Hotel Sundal består av Torgeir Kismul Matre og Christian Bjølseth, og har fått gode kritikkar for konsertane og utgjevingane «Hus med kvit grus», «Islagd Fjord» og, sist, «Perspektiv». Når Hotel Sundal speler konsert, søkjer dei det særeigne, anten det er konsert på Fannaråken (2064 moh.) eller som no på Skotbu stasjon.
Vel møtt!
English