Velkommen til utstillingen "Å lengta heim" Ingvar Moi. Bildene er inspirert av Arne Garborgs "Knudaheibrev", ut av disse er bildene skapt. Bilder og tekster som står godt alene, og godt til hverandre.

Å lengta heim

Alle mennesker lengtar tilbake til der de kjem frå. Til ein stad, ein familie, eit menneske, eit land.

Arne Garborg reiste, eller flykta, heimanfrå då han var 17 år. I bøkene sine skriv han mykje om det kompliserte forholdet sitt til familie og heimplassen sin. Eg har lese mykje for å prøve å forstå Garborgs forhold til Jæren. Bøkene hans er fylte av sterke beskrivingar av menneske, familie, ver, vind, lynne og natur.

Dette har jeg gått i dialog med. Det er spesielt boka Knudaheibrev som jeg har lese og vorte inspirert av. Kjenslene hans til heimplassen var ganske kompliserte, men han lengta heile livet tilbake. Tilbake til stader, til vind og ver, til heimegarden, til familien, og til Knudaheio.

Mitt forhold til Jæren er heldigvis ikke så dramatisk og komplekst som Garborg sitt. Lengtinga heim til Jæren kjenner eg meg veldig godt igjen i. Eg har i mange år reist frå Oslo og heim til Jæren for å finne inspirasjon og motiver til bøker og utstillingar. Eg har i dei siste åra vore mykje på vandring rundt Knudaheio, og forstår godt at Garborg ville flytte hit.

Eg er så heldig at eg kan reisa heim til Jæren når eg vil. Å lengta heim er nok en kjærlighetserklæring til området eg kallar heim.